Sjøkanten Kjøpesenter
Sjøkanten Kjøpesenter
Einarsen Gruppen AS har inngått avtale om kjøp av alle aksjane i Fjordlinje Eigedom AS som eig og forvaltar Sjøkanten kjøpesenter i Sogndal Kommune.
Bygget består av 9000 kvm næringsareal utleid til Biltema, Jysk, Møbelringen, Sport Outlet, Coop Extra, Euronics og Apotek 1. Det er kun eit ledig lokale som me forventar utleid iløpet av 1. kvartal 2016.
Butikkane har hatt god vekst sidan bygget stod klart hausten 2012 og rapporter om meget god utvikling også i 2015.
- Sogndal Kommune har hatt stor befolkningsvekst dei siste åra, noko me trur vil vedvare også dei i kommande åra. Kjøpet gjer at me no får større muligheit til å sikre ein god miks av butikkar som bygger opp om kvarandre saman med prosjektet me har under utvikling på nabotomten. Dette vil gjere at me trur fleire store kjeder, og ikkje minst kundar vil sjå Sjøkanten, AMFI Sogningen og resten av handelstanden Sogndal som meir attraktivt enn nokon gong før.