Selskapet

Selskapet er i vekst og forvaltar ein variert portefølje på om lag 25.000 kvadratmeter innan lager, handel, kontor, energistasjonar, parkeringsplassar og bustader. I tillegg driftar og forvaltar me næringseigedomar for eksterne eigarar, noko som styrkar vår posisjon som ein sentral aktør i regionen.

Gjennom eit målretta fokus på utvikling jobbar me aktivt med fleire store prosjekt og har konkrete planar om å realisere rundt 10.000 kvadratmeter ny næringseigedom og 200 leilegheiter i Sogn dei neste åra. Dette er ein del av vår langsiktige strategi for å møte framtidige behov og skape attraktive og funksjonelle eigedomar tilpassa brukarar sine krav og målsetjingar.

Som det leiande eigedomsselskapet i Sogndal er me opptekne av å bidra til kommunen si sterke folketalsvekst gjennom utvikling av eigedomar som fremjar verdiskaping, aktivitet og trivsel for både næringslivet og lokalsamfunnet. Dette arbeidet legg grunnlaget for ei berekraftig utvikling som styrkar Sogne-regionen og våre leigetakarar.

Vårt overordna mål er å vidareutvikle og byggje ein større eigedomsportefølje med hovudfokus på Vestland fylke, der me kan vere ein langsiktig og påliteleg samarbeidspartnar som skapar verdiar for framtida.