Einarsen Eigedom har røter tilbake til 1989, då selskapets grunnleggar tok over ein liten landhandel i hjartet av gamle Sogndalsfjøra. Dette markerte starten på ei reise prega av hardt og målretta arbeid for å bygge opp ei solid familieverksemd.
I 1991 inngjekk selskapet den første av tre franchiseavtalar med REMA 1000, noko som la grunnlaget for ei suksesshistorie i daglegvarebransjen. Gjennom tre tiår utvikla selskapet seg til ein sentral aktør i regionen, med betydlegemarkedsandeler i lokalmarkedet. I forbindelese med generasjonsskifte i ledelsen i 2018, valgte selskapet å avslutta eit suksessfullt samarbeid med REMA 1000.
I dag er Einarsen Eigedom eit reindyrka eigedomsselskap der me har retta blikket mot nye moglegheiter innan eigedomssektoren. Selskapet fokuserer på investering, utvikling, drift og forvaltning av både næringseigedom og bustadar, med eit mål om å bidra til berekraftig vekst og utvikling i regionen. Med base i Sogndal er selskapet engasjert i fleire store prosjekt som styrkar bygdebyen si rolle som eit regionalt senter.
Verksemda blir no leia av andre generasjon i Einarsen-familien, som held fram med å bygge vidare på familieverdiane og visjonen om å vere ein påliteleg og framtidsretta samarbeidspartnar for både kundar og lokalsamfunnet.