Granden 23

Einarsen Gruppen AS har kjøpt alle aksjane i Frydenbø Eiendom Granden AS som er selskapet bak eigedomen Granden 23 i Sogndal Kommune. 

Granden 23 vart bygd i 2004 av lokale aktørar/eigarar og seinare solgt til Frydenbø Eiendom. Bygget har ei golvflate på 2400 m2 som er fordelt på to seksjonar der den andre seksjonen er eigd av Kollsete Eigedom AS (10% av arealet). Tomten er 3417 m2.

Bygget er tilnærma fullt utleid. Det er god standard på dei fleste lokaler og deler av bygget har blitt pussa opp og endra dei siste åra.

Bygget har solide og gode leigetakarar som har hatt god utvikling dei siste åra. Dei største leietakerne er Mattilsynet, Økonomiservice, Sogndal Indremisjon og Frydenbø Bilsenter. 

Det er førebels ingen planar for å utvikle eigedomen vidare, men me vil gjere vårt ytterste for at alle leigetakarne skal trivast og få gode vilkår til å utvikle seg. 

Selskapet skifter namn til Einarsen Eigedom Granden AS.

 

Ledige lokaler

Det er ledig 60 m2 for kontor. Kan leies ut samla eller kvar for seg og tilpasses etter behov. Byggets leietakere deler felles garderober/wc, møterom og kantine. Det er bredbåndstilknytning, heis og parkering.

 

 

Leigetakarar

Einarsen Eigedom Granden AS
 
 
Forrige
Forrige

Vikjatunet

Neste
Neste

God vekst for Sjøkanten i 2017