Ny spennande leigetakar signerer i Gravensteinsgata

image001.png

Brasa Restaurant & Bar

er eit nyleg etablert konsept med Victor Aguiar, Pia Berg Hjelmeland og Erlend Fardal Lunde (EFL AS) som initiativtakarar og eigarar. Brasa opnar sin første serveringsstad i Gravensteinsgata 19 og har som ambisjon å tilføra noko nytt til Sogndalsmarknaden. Brasa skal med sitt latinske matkonsept bli Sogndal sin nye møteplass, der menneskjer møtes i eit uformelt miljø i fusjon med god mat og drikke.

Brasa Restaurant & Bar skal leige heile kjellaren i tillegg til «bankhagen» der det vil bli stor uteservering utforma som eit amfi.

Me har stor tru på Brasa som konsept og håpar at dette er ei satsing som skal bidra til nytt liv i Sogndalsfjøra og til glede for leigetakarane i Bankbygget.

Endeleg opningsdato er ikkje satt, men målet er opning i månadsskiftet oktober og november, forutsatt at alle godskjenningar kjem på plass.

Fasade sør 2.png
Forrige
Forrige

BKK bygger ny ladestasjon for elbilar ved Sjøkanten

Neste
Neste

Deloitte flytter inn i Gravensteinsgata