Sogndal - Gravensteinsgata 19
Bankbygget – eit arkitektonisk tidssyn i eit bygg som speglar historia
Midt i hjartet av Sogndalsfjøra reiser det seg eit bygg med sterk lokal forankring og historisk tyngd. Opprinneleg reist som hovudkontor for Sogndal Sparebank, skipa i 1841 som den første sparebanken i Sogn og Fjordane og blant dei fyrste på Vestlandet, har dette bygget vore eit tydeleg symbol på økonomisk vekst og lokal sjølvtillit.
I 1966 flytta banken inn i det imponerande sigarettforma bygget i Gravensteinsgata, utforma av arkitektane Olav og Jon Vikøren. Med handmeisla naturbetong – skapt på staden – i alle ytterveggar, bærande konstruksjonar og delar av uterommet, fortel bygget om 1960-talets modernisme, med styrke, varigheit og skulpturelt uttrykk.
Fram til 1989 var Sogndal Sparebank ein sjølvstendig institusjon, før han fusjonerte inn i Sparebanken Vest. No, i 2025, har Sparebanken Vest og Sparebanken Sør gått saman og etablert Sparebanken Norge – ein stor nasjonal sparebanksaktør med opprinnelse i fleire hundre år med lokalbanktradisjon .
Bankbygget står like fullt som eit tyngdepunkt i bybildet – eit av få, om ikkje det einaste, monumentale bygget i Sogndal kommune. Det tronar som det klart mest særeigne forretnings- og kontorbygget i Sogndalsfjøra, med ein historisk aura og tydeleg posisjon langs Gravensteinsgata, som er Sogns mest trafikkerte gate.