Sjøkanten Storhandel - Sogndal
Sogns største og beste arena for storhandel
Sjøkanten i Stedjevegen er ein moderne næringspark eigd av Einarsen Eigedom AS. Området kombinerer bustader, kontor, handel, lager og treningssenter, og har sentral plassering ved innfartsåra til Sogndal frå vest. Med stor parkeringskapasitet og kjente nasjonale og internasjonale bedrifter er Sjøkanten eit attraktivt område for både leigetakarar og brukarar.
No er neste steg å vidareutvikle Stedjevegen 38 med meir areal og nye konsept som kan styrke posisjonen til Sjøkanten som eit handels- og møtested i Sogndal.
Om prosjektet
• Moglegheit for å utvide 2. etasje med ca. 1.500 kvm, tilpassa større butikk- og storhandelskonsept.
• Det blir vurdert å etablere kafé eller restaurant i samband med utvidelsen, for å imøtekomme eit etterspurt behov.
• Bygget vart oppført i 2013, med nye kontorareal tilført i 2022.
• Oppvarming skjer gjennom fjernvarme frå fjorden (vatn-til-vatn), noko som gir låge driftskostnader og redusert miljøpåverknad.
• Eigedommen har ca. 175 parkeringsplassar, noko som gir høg brukskomfort og god tilgjenge for kundar og tilsette.