S37 - Stedjevegen 37

Nye moderne kontor- og næringslokale i Sogndal sentrum

S37 (Stedjevegen 37) er eit nytt kombinasjonsbygg oppført i 2025/26 med høg standard og moderne utforming. Bygget rommar butikk, kontor, bustader, lager og garasje, og ligg sentralt til langs Stedjevegen – med kort veg til sentrum, god parkering og kollektivknutepunkt. Her er det lagt vekt på kvalitet, tilgjenge og gode løysingar for både næringsliv og bebuarar.

I bygget er det no ledig om lag 300 m² kontorareal i 3. etasje, som skal skreddarsyast for ny leigetakar. Lokala får moderne tekniske løysingar, fleksibel planløysing og flott utsikt mot sentrum og fjorden. Dei eignar seg svært godt for verksemder som ønskjer eit profesjonelt og representativt kontormiljø.

Bygget har eit etablert og solid næringsmiljø med desse leigetakarane:

  • Rema 1000 – daglegvarebutikk i 1. etasje

  • GK Norge, Advokatfirmaet Tollefsen og Sogn Gravferdsbyrå – kontorleigetakarar i 2. etasje

I tillegg inneheld bygget bustader i dei øvste etasjane og lager- og garasjeareal i underetasjen.

Nøkkeltal og informasjon

  • Adresse: Stedjevegen 37, Sogndal

  • Areal: ca 5.000 m² totalt areal

  • Tilgjengeleg areal: ca. 400 m² kontor i 3. etasje

  • Tilpassing: lokala blir skreddarsydd etter leigetakar sitt behov

  • Eksisterande leigetakarar: Rema 1000, GK Norge, Advokatfirmaet Tollefsen, Sogn Gravferdsbyrå

  • Funksjonar i bygget: handel, kontor, bustader, lager og garasje

  • Standard: moderne tekniske løysingar, heis, god ventilasjon og parkering

  • Beliggenheit: sentralt langs Stedjevegen, med kort veg til sentrum, kollektivknutepunkt og RV13

Etableringsmoglegheiter

Lokala i 3. etasje kan utformast etter ønskt planløysing, og eignar seg for kontorverksemd innan rådgjeving, økonomi, bygg og anlegg, teknologi, helse eller andre tenesteytande næringar. Her får du moderne lokale, fleksible løysingar og eit etablert næringsmiljø – midt i hjartet av Sogndal.

Interessert i å vite meir?
Ta kontakt for visning eller ein uforpliktande prat om korleis me kan tilpasse lokala til di verksemd.

Klikk her for meir info om eigedomen

 
Neste
Neste

Sogndal Skysstasjon -Dalavegen 1