Ledige kontor i Sjøkanten

Ledige kontor i Sjøkanten – moderne lokale midt i Sogndal sentrum

No har du sjansen til å sikre deg kontor i eit moderne og energieffektivt bygg sentralt plassert ved fjorden i Sogndal! I Sjøkanten tilbyr me fleksible løysingar for små og mellomstore verksemder, med høg standard, god parkering og nærleik til alt.

Kontorfellesskap med sosiale soner
Her jobbar du i eit levande miljø med både ro til konsentrasjon og rom for prat og samarbeid.

Felles møterom
Moderne møterom med skjerm og videoløysing – klart til bruk når du treng det.

Shuffleboard
Ein pause frå tastaturet? Ta ein runde shuffleboard med kollegaene og lad opp!

Garderober og WC
Lyse og reine garderobar med dusj – praktisk for deg som går, syklar eller trenar før jobb.

Mat & drikke
Felles kantine med kaffimaskin og plass til å samlast over lunsjen – eit sosialt samlingspunkt.

Fellesareala
Ein uformell møteplass med godstolar, dempa lys og avslappa stemning.

Terrasse med panoramautsikt
Ta kaffien ute! Stor terrasse med utsikt over fjorden – perfekt for soldagar der du like godt kan ta både pause og arbeid ute.

Treningssenter
Hald deg i form i kvardagen – med moderne treningssenter lett tilgjengeleg for leigetakarar.

Sjøkanten passar for:
Alle bedrifter som har høgt fokus på arbeidsmiljø, og som ønskjer ein representativ og triveleg arbeidsplass.


Som leigetakar i Sjøkanten vil du dele tak med etablerte leigetakarar som Veidekke, Sogn Avis, Einarsen Eigedom, Sogn Eigedomsdrift og LA-bim. I tillegg finn du ein god butikkmix i etasjen under.

 
Forrige
Forrige

Gamle meieriet - Fjørevegen 25

Neste
Neste

Bankbygget - Gravensteinsgata 19