Einarsen Eigedom kjøper Sogn Eigedomsdrift

Einarsen Eigedom tek over drifta av eigedomar i Sogndal – kjøper Sogn Eigedomsdrift AS

Hans Martin Brusegard (midten) og Tor Fardal (til høgre) sel Sogn Eigedomsdrift AS til Einarsen Eigedom AS. Styreleiar Jan Knut Einarsen signert kjøpsavtalen forrige veke.

Einarsen Eigedom AS styrkjer si satsing på eigedomsforvaltning og eigedomsdrift ved å kjøpe 100 prosent av aksjane i Sogn Eigedomsdrift AS. Overtakinga trer i kraft frå 1. oktober 2024.

– Med dette kjøpet tar me eit nytt steg i retning av å tilby heilskaplege tenester innan eigedom. Sogn Eigedomsdrift har opparbeidd seg eit godt rykte som ein påliteleg aktør innan drift og vedlikehald, og me ser fram til å vidareutvikle selskapet saman med dei tilsette og kundane, seier Frode Einarsen, dagleg leiar i Einarsen Eigedom AS.

Sogn Eigedomsdrift AS har i dag ansvar for teknisk drift og vedlikehald av fleire næringseigedomar i Sogndal, mellom anna Sjøkanten, Granden og området rundt busstasjonen. Selskapet har hatt ein sentral rolle i å sikre stabil og effektiv drift for både eigedomseigarar og leigetakarar.

– Me har planar om å vidareutvikle tenestene, investere i nytt utstyr og styrkje laget med nye medarbeidarar. Dette vil gjere oss betre rusta til å møte behovet for profesjonell eigedomsdrift i regionen, fortel Einarsen.

Hans Martin Brusegard, som har leia Sogn Eigedomsdrift, vil bidra i overgangen for å sikre ei smidig overtaking. Svein Arne Thue er tilsett som ny driftssjef og skal leie den vidare utviklinga av driftsorganisasjonen.

Kjøpet er ein del av ein større strategi for å byggje opp ein sterk og framtidsretta eigedomsaktør i Sogn.

Forrige
Forrige

Sjøkanten får Sogndal sitt største ladeanlegg!

Neste
Neste

Sjøkanten storhandel med supervekst i 2023