Sjøkanten får Sogndal sitt største ladeanlegg!
Me er stolte over å kunne informere om at ladeanlegget på Sjøkanten no er kraftig utvida – frå 6 til heile 18 nye ladepunkt. Dette gjer det til det største ladeanlegget for elbilar i Sogndal kommune.
Ladeanlegget består av:
⚡️ 3 stk 500 kW lynladarar
⚡️ 2 stk 360 kW ladarar
⚡️ 2 stk 200 kW ladarar
🔌 4 stk Type 2 (22 kW) ladarar
Anlegget er levert av Eviny, og bygd ut av Helland Elektro og Tertnes Entreprenør – med elektriske anleggsmaskiner og køyretøy frå start til slutt.
Utviding av S37 – kontor, næringsareal og moglegheit for servering
Sjøkanten er i utvikling, og vi er godt i gang med utvidinga av S37-bygget. Her kjem det fleire moderne kontorlokale og fleksible næringsareal som kan nyttast til lager, butikk eller anna verksemd. Vi ser òg på moglegheita for å etablere ei serveringsverksemd i området – for å styrke tilbodet for både tilsette, kundar og besøkande.
Mat og drikke i nærleiken
Om du ventar medan bilen ladar, finn du alt du treng rett i nærleiken:
🔹 Shell tilbyr varm mat, kaffi og kioskvarer.
🔹 Coop Extra og Rema 1000 er dei to største daglegvarebutikkane i Sogn – og har eit god utval, gode opningstider og enkel tilkomst.
God og rimeleg parkering – rett utanfor døra
På Sjøkanten finn du over 250 parkeringsplassar, lett tilgjengelege og rett utanfor butikkane.
I tillegg tilbyr me 75 parkeringsplassar på plan 2, der du kan parkere til langtidspris som ligg på ca. 1/3 av prisen i sentrum – perfekt for tilsette eller dei som ønskjer eit rimeleg parkeringstilbud.
Sjøkanten som handelsområde og bydel
Utvidinga av ladeanlegget og nye satsingar på kontor og handel er del av ei større utvikling av Sjøkanten som eit attraktivt handelsområde og ein livskraftig bydel i Sogndal.
Området husar ei rekkje verksemder innan handel, helse, trening og tenesteyting – og har ein samla besøksstraum på 4–5000 kundar dagleg. Etterspurnaden etter areal er aukande, og me jobbar vidare for å legge til rette for både gode kundeopplevingar og ein effektiv kvardag for næringsdrivande.
Ledige kontor i Sjøkanten
Me har no ledige kontorlokale i ulike storleikar – moderne, lett tilgjengelege og med høg teknisk standard. Perfekt for bedrifter som ønskjer å bli del av eit område i vekst, med god parkeringsdekning, fjordvarme, fiber og fleksible løysingar.