Einarsen Gruppen kjøper kontoreigedom i Sogndal sentrum
Flåten Invest AS har inngått avtale med Einarsen Gruppen AS om salg av bankbygget (Flåten Eigedom AS) i Sogndal. Flåten Invest AS kjøpte eigedomen frå Sparebanken Vest i 2016. Bygget vart reist i 1966 for Sogndal Sparebank, som seinare vart Sparebank1 Vest og no Sparebanken Vest. I dag er Sparebanken Vest leigetakar i dei første etasjane, mens Azets leiger heile 2. etasje. Deler av 3. etasje er utleid til Advokat Tysse, Hvitsten og Amle, samt Advokat Gjeraker. Utover dette er det fleire ledige kontor til leige i toppetasjen.
Gravensteinsgata 19 vil bli eit godt tilskudd i Einarsen Eigedom sin eigedomsportefølje i Sogndal, og styrker selskapets utleigekapasitet på kontorlokaler i Sogndal.
Me ser eit stort potensial i denne eigedomen. Sogndal er i stor vekst med fleire aktørar som ynskjer å etablera seg og som treng større areal for å utvikle seg. Det pågår fleire spennande nærings- og bustadprosjekt i sentrum, som uten tvil vil bidra til auka aktivitet og attraktivitet i tida framover. Samtidig seier dei fleste rapportar og analyser at Sogndal kanskje vil ha den største folketalsutviklinga i fylket dei neste åra., seier eigedomsjef i Einarsen Eigedom, Frode Einarsen.
I fleire tiår har “gamle Fjøra” i Sogndal hatt liten utvikling. Dette er imidlertid i ferd med å endra seg, blant anna på grunn av Geithus og Tufte sitt arbeid med å utvikle nye “Fossetunkvartalet” og Lerum/Veidekke sitt arbeid med “Lerum Brygge”. Det er i dag planlagt over 200 leiligheiter og 2000 kvm næringsareal i disse prosjekta.
Den umiddelbare nærheita til det meste i sentrum, synlegheita langs Gravensteinsgata og god infrastruktur få meter unna, gjer eigedomen svært sentral og tilgjengeleg. Me gler oss til å bidra med videreutvikling av dette området», seier konsernsjef i Einarsen Gruppen, Jan Knut Einarsen.
Utover hausten og vinteren skal Gravensteinsgata 14 tilpassast for nye leigetakarar. Plan er å heve innvendig standard, samtidig som den arkitektoniske kvaliteten i bygningsmassen bevarast.
Arbeidet med å vurdere nye plan- og innredningsløysingar for eigedomen er i full gang. Me ynskjer å styrke byggets identitet, samt innfri krav og behov som forventast av moderne kontorbruk. Me ynskjer å tilby kontorareal med tydelige kvalitetar - på beste plassering i Sogndal sentrum, fortel Frode Einarsen.
Eigedomen er forventa ferdigstilt for nye leigetakarar fortløpande.
Kontakt: Frode Einarsen I +47 90 63 65 99 I frode@einarseneigedom.no