Sport Outlet flyttar
På Sjøkanten i Sogndal blir det solgt så mykje outlet-vare at det er nødvendig med meir plass. Sport Outlet-kjeda, som i løpet av få år har kapra stadig større marknadsandelar i den ekstremt konkurranseutsatte sportsbransjen skal no nesten doble salsarealet og flytte frå 2. etasje til gateplan.
Mens fleire av dei store nasjonale kjedene som sel sportsartiklar slit, opplev Sport Outlet akslerande vekst nasjonalt og lokalt i Sogndal.
I følgje Virke sin handelsrapport frå 2018 var Sport Outlet ein av dei kjedene innanfor sportsutstyr som vaks mest i perioden 2013 til 2017. Sport Outlet var faktisk også ein av dei raskast voksande og mest lønnsame kjedene i norsk varehandel, også utanfor sportsbransjen.
Butikken på Sjøkanten i Sogndal opna hausten 2015 og har hatt suksess frå dag ein. Butikken har år etter år vært ein av vekstvinnarane på Sjøkanten. Leigeavtalen med Fjordlinje Eigedom AS vart forlenga kort tid etter opning, og no fornya igjen med endå ein langsiktig avtale, seier Frode Einarsen, i Einarsen Eigedom som forvaltar Sjøkanten.
Sport Outlet er eit butikkonsept som jobbar med merkevarer frå verdas leiande sport- og fritidsleverandører. Kjeda kjøper inn restparti frå leverandørane og sel varene ut for dei. Filosofien er å kjøpe store utgåande vareparti, og selge dei billegast mogleg! Utvalet i butikkane er difor forskjellig frå dag til dag, avhengig av kva dei får inn. Det gjer det også ekstra spennande å besøke butikkane – for du veit aldri kva du finn av godbitar.
Me har stor tru på at denne flyttinga vil forenkla kvardagen til dei ansatte og invitere til ein meir spennande og oversiktleg butikk for kundane. Me ser i dag at kundar frå heile Sogn kjem innom for å handle når dei er i Sogndal. Med ca 950 kvadratmeter vil butikken bli ein av dei største sportsbutikkane i Sogn, fortel Einarsen.
Butikken reopna i dei nye lokala i midten av januar 2020.
Kontakt: Frode Einarsen I +47 90 63 65 99 I frode@einarseneigedom.no
Kilder
Dagens Næringsliv
Sport Outlet