Fjøra Pub opna på 24 dagar!
Einarsen Eigedom og Fjøra Pub brukte 24 dagar på å transformere ein tidlegare nattklubb til ein moderne pub i Sogndal sentrum.
Fredag 13. mai opna Fjøra Pub dørene for første gong med varaordførar i Sogndal kommune, Vibeke Johnsen, og tidlegare Premier League-proff, Tore André Flo, som snorklypparar.
- Dette var eit lite «skot frå hofta»-prosjekt når ein ser på tiden me brukte. Me visste at Sogndal mangla ein pub og er sikre på at det skal vera marknad for det. Tanken om ein sportspub dukka tidleg opp då lokalet vart ledig og eg er ekstremt nøgd med resultatet, seier Erlend Fardal Lunde, styreleiar i Fjøra Pub og utviklingssjef i Einarsen Eigedom.
Anniken Teigen skal vera dagleg leiar for satsinga og ho vart tilsett 1. april. Det har vore eit turboprosjekt med ein klar visjon om korleis ein ville det skulle bli, men utan ein veldig klar framdriftsplan. Teigen er strålande nøgd med resultatet og besøket dei første dagane.
- Opning fredag den trettande vart eit veldig klart og tydeleg mål for oss. Både fordi det er ein spesiell dag å opna på, men òg fordi me då ville få med oss ein skikkeleg god start med ei langhelg som avslutta med nasjonaledagen, fortel Teigen.
Som tidlegare hotelldirektør i Nordic Choice Hotels er Fardal Lunde godt vand med høgt tempo og tette deadlines:
- Det var akkurat at me kom i mål. 30 timar før opning såg det ikkje ut og først 22 timar før opning var møblane på plass. Eg har vore med på nokre opningar før og ein veit jo at det alltid går, men dette var skikkeleg på håret, fortel Fardal Lunde.
Fjøra Pub skal vera den naturlege samlingsplassen i Sogndal og tilbyr ei moderne kjensle av den britiske og kontinentale pubkulturen. Opninga av pubben i kjellaren er del ein av ei satsing over to etasjar der planen er opning av ein restaurant i 1.etasje like etter sommaren.
- Me har landa på at me vil ha eit konsept som involverer pizza, så får me sjå kva me til slutt endar opp med, avsluttar dagleg leiar Anniken Teigen.
Einarsen Eigedom er stolt over resultatet og dagleg leiar Frode Einarsen avsluttar:
Me har no opna to serveringsstadar på to månadar og me er ekstremt stolte over korleis resultatet har blitt. Me ser fram til å følga utviklinga på Almenningen 4 vidare.