Einarsen Eigedom kjøper Veidekke sin eigedom på Kaupanger, og Veidekke flyttar inn på Sjøkanten Workplace

Einarsen Eigedom og Veidekke Bygg Sogn og Fjordane er samde om ein totalavtale som gjer at Veidekke flyttar til Sogndal og Sjøkanten Workplace, samstundes som at Einarsen Eigedom kjøper eigedommen deira, Vangestadvegen 6, på Kaupanger.

- Denne avtalen har me arbeida med ei stund og det er ekstremt gledeleg at den no er i hamn, fortel Frode Einarsen i Einarsen Eigedom.

Einarsen Eigedom har konkrete planar for eigedomen dei no har kjøpt frå Veidekke Bygg Sogn og Fjordane, men av omsyn til pågåande dialogar ønskjer dei ikkje gå i detalj om planane anna enn at eigedomen er strategisk viktig for Einarsen Eigedom sine prosjekt.

Selskapa har i tillegg til signert ein samarbeidsavtale om bygging av eit konkret og framtidig prosjekt som etter planen skal lanserast i løpet av året.

Veidekke Bygg Sogn og Fjordane har holdt til på Vangestadvegen 6 på Kaupanger sidan 1976, i 36 år. Flyttinga til Sjøkanten Workplace markerer eit skifte som dei ser fram til:

- Veidekke Bygg Sogn og Fjordane ser fram til å kome inn i nye og tidsriktige lokale i Sogndal Sentrum. Me trur at dette skal sikre fortsatt sterkt nærvere og vidare vekst i området, seier distriktsleiar Ole Petter Henden.

- Me gler oss til samarbeidet med Veidekke Bygg Sogn og Fjordane og ønskjer dei velkomen som leigetakar på Sjøkanten, avsluttar Frode Einarsen.

Sjøkanten Workplace er eit nyutvikla kontorkonsept som skal etablerast i lokala til Møbelringen i 2. etasje på Sjøkanten. Sjøkanten Workplace har ferdigstilling 1.kvartal 2023. I tillegg til Veidekke Sogn og Fjordane Bygg flyttar Sogn Avis inn i dei nye lokala. Einarsen Eigedom har ein visjon om at Sjøkanten Workplace skal utvikla seg til eit kreativt miljø som rettar seg spesielt mot bedrifter innanfor digitalisering, media og produksjon knytt til bilete og video med meir.

- Med Veidekke Bygg Sogn og Fjordane som leigetakar er Sjøkanten Workplace no over halvfullt i god tid før ombygging. Me har dialog med fleire aktuelle leigetakarar og forventar at dette arealet er fullt utleigd før hausten tek til. Interesserte bør difor melda seg raskt, seier Erlend Fardal Lunde, utviklingssjef i Einarsen Eigedom.

 

Spørsmål kan rettast til:

Veidekke: Ole Petter Henden (ole.henden@veidekke.no | 977 75 643)

Einarsen Eigedom: Frode Einarsen (frode@einarseneigedom.no | 906 36 599)  

Forrige
Forrige

Fjøra Pub opna på 24 dagar!

Neste
Neste

Brasa Restaurant & Bar har opna uteserveringa