Nordens største elektronikkjede kjem til Sogndal!
Innan få veker vil Elon opne Sogndals kanskje finaste elektronikkbutikk på Sjøkanten!
I Elon-butikken vil du finne alt av forbrukarelektronikk; kvitevarer, lyd- og bileteprodukt, småelektrisk, telefoni, data og anna tilbehør. Tidligare Euronics vart omprofilert til Elon ved årsskiftet 2019. Elon Group har over 550 butikkar, og er den største aktøren i elektronikkmarkedet i Norden i dag. Nye Elon er eit knallsterkt kjedekonsept rigga for framtidas handel.
Elon ser et stort potensial i elektronikkmarkedet i Sogndal. Og strategisk plassert på Sjøkanten i Sogndal vil denne butikken komplettere og forsterke Sjøkanten som fagsenter i regionen, seier Frode Einarsen i Fjordlinje Eigedom AS.
Svein Sivertsen som i dag driver Total Repairs ved Amfi Sogningen vil bli den nye kjøpmannen i Elon. Etter nokon år der Totalt Repairs har utvikla seg svært godt og blitt den leiande bedrifta i Sogndal på reparasjon av småelektronikk som smarttelefoner og datamaskiner ynskjer Svein no å utvikle bedrifta vidare.
Som ny eigar og drivar av butikken eg veldig imponert over konseptet Elon leverar og gler meg stort til å komme i gang med butikken. Elon presenterer et konsept man ikkje ser andre plassar og som framhevar produkta på ein heilt annan måte. Total Repairs vil også få ein underavdeling i den nye Elon-butikken, i tillegg til dagens avdeling ved Amfi Sogningen, fortel Sivertsen.
Butikken vil få Elon sitt heilt nye, moderne butikkonsept. Målet er at kundane skal sjå på Elon-butikken som ein faghandel innan elektronikk, med ei innbyande atmosfære og imøtekommande betjening. Den nye butikken blir også integrert med nettbutikken og såleis kunne vise det fulle sortimanget som kjeda tilbyr via fleire skjermar i butikken.
Me er overbevist om at dette konseptet vil slå an i Sogn og garanterer ein atmosfære som få andre butikkar har i dag. Dette er blitt eit av dei finaste lokala me har bygd og leid ut - og me er kjempe spent på korleis kundane tek imot Elon, seier Jan Knut Einarsen, konsernsjef i Einarsen Gruppen AS
Kontakt: Frode Einarsen I +47 90 63 65 99 I frode@einarseneigedom.no
Fjordlinje Eigedom AS er eit eigedomselskap i Einarsen Gruppen AS. Fjordlinje Eigedom AS eig og driftar Sjøkanten i Sogndal. Sjøkanten er eit regionalt fagsenter med store varehus og butikkar som Møbelringen, Jysk, Elon, Biltema, Coop Extra, Sport Outlet og Apotek 1. Sidan senteret stod ferdig seint i 2012 har butikkane hatt god utvikling og ei samla omsetning i 2019 på ca 250.000.000 kr. Senteret er fullt utleid og har planar for utvidelse.