Einarsen Eigedom tilset Erlend Fardal Lunde som Utviklingssjef

 

foto - Linkedin - Erlend Fardal Lunde

Einarsen Eigedom er i sterk vekst og har ambisiøse mål for dei neste åra. Selskapet såg med dette behov for å utvide organisasjonen med ein person til å lede og utvikle forretningsutvikling- og strategifunksjonen i selskapet. Den nyoppretta stillinga som Utviklingssjef blir delegert til Erlend Fardal Lunde. Fardal Lunde får med dette hovudsakleg ansvar for å sikre framdrift og gjennomføring av selskapets utviklingsprosjekt saman med Frode Einarsen, COO.

Fardal Lunde har gjennom ein lukka tilsettingsprosess blitt «head hunted» til stillinga. Hans personlege eigenskapar som initiativrik,  strukturert og resultatorientert er blitt sett på som viktig i ein slik jobb. I tillegg til å være sjølvstendig, har han gode samarbeidsevner og er god til å bygge relasjonar.

- Erlend er ein positiv og offensiv mann som ser moglegheiter framfor begrensingar. Han har ein «drive» som ein sjeldan finn og er ikkje redd for store utfordringar. Disse personlege eigenskapane meiner me er rette for denne stillinga og strategien til eigedomsselskapet, seier Einarsen.

Fardal Lunde tek til i jobben 1. mars 2022 og kjem inn i ein effektiv organisasjon saman med Jan Knut Einarsen (CEO og styreleiar), Hans Martin Brusegard (Driftsleiar), Sigvald Uglum (Driftsleiar) og Kjell Vidar Johansen (Rekneskapsførar). Han får med dette hovudansvar for å drive framover utviklingsprosjekta i selskapet og medverke til selskapets investeringsstrategi.

- Denne moglegheita var så god at eg ikkje kunne seia nei. Einarsen Eigedom er framadstormande og visjonære med eit sterkt fokus på endring og utvikling. Det at me deler så mange av dei same verdiane og tankane gjer at eg har ståltru på ei fruktbart og spanande framtid. Eg gler meg til å koma i gong, seier Fardal Lunde.

 Av konkrete prosjekt selskapet jobbar med er utvikling av storhandel-cluster ved Sjøkanten og den sentrale Billagstomta i Sogndal. Dette er to av prosjekta Erlend skal bidra i for skape interessant innhald og konsept.

Fardal Lunde kjem frå jobben som dagleg leiar ved ViteMeir. Han har tidlegare vært hotellsjef ved Quality Sogndal Hotell, hotelldirektør ved Clarion Collection Hotel Kysten i Sandnessjøen og seinare Comfort Hotel Bergen Airport. Han er også engasjert som leiar i Sogn U40.

Forrige
Forrige

Sogn Avis flyttar inn i Sjøkanten Workplace

Neste
Neste

BKK bygger ny ladestasjon for elbilar ved Sjøkanten