Sogn Avis flyttar inn i Sjøkanten Workplace

Einarsen Eigedom kan med stor glede melde at Sogn Avis blir første leigetakar i det nye kontorkonseptet Sjøkanten Workplace frå februar 2023.

Sogn Avis offentleggjorde nyheita tidlegare i dag på sognavis.no der redaktør og dagleg leiar, Arve Uglum, uttalar at:

– Sogndal er ein naturleg plass å vera for regionavisa for Indre Sogn.

Einarsen Eigedom har den siste tida jobba med å finna riktig konsept i lokala som Møbelringen flyttar ut av november seinare i år. Butikklokala startar då ombygginga til Sjøkanten Workplace med ny fasade og panoramautsikt over Sogndalsfjorden.

– Eg er godt nøgd med det me landa på. Me får ei ideell plassering med adresse Fjordstien. Flotte lokale med glasfasade rundt heile og panoramautsikt til fjorden. Me har hatt ein god dialog med Einarsen Eigedom heile vegen. Dei framstår som ein profesjonell og lyttande utleigar, seier Uglum.

Frode Einarsen, dagleg leiar i Einarsen Eigedom, er godt nøgd med at Sogn Avis flyttar inn og at Sjøkanten Workplace no kan realiserast.

- Eg er veldig glad for at Sogn Avis saman med oss har sett potensialet i lokalet og at me no kan gi fasaden eit skikkeleg løft med utsikt over den vakre fjorden vår.

Einarsen Eigedom ser fram til å ønskje Sogn Avis velkomne til Sjøkanten Workplace. Er du eller di bedrift interessert i nye kontorlokale med den beste utsikten i Sogndal? Kontakt utviklingssjef Erlend Fardal Lunde: +464 28 741 / erlend@einarseneigedom.no

Forrige
Forrige

Autohuset Sogn etablerer Mekonomen i Granden 23

Neste
Neste

Einarsen Eigedom tilset Erlend Fardal Lunde som Utviklingssjef