Nytt prosjekt på Hermansverk

Einarsen Eigedom har signert ein opsjonsavtale med Fjordheim Eigedom AS om kjøp av den tidlegare byggjevaren-tomta på Hermansverk i Sogndal kommune.

Einrasen Eigedom er takksame og glade for at Geir Instefjord og Magnar Fredheim har synt oss tilliten verdig til å arbeida med utvikling av tomta i snart to år.

Før sommaren leverte Einarsen Eigedom planinitiativ til Sogndal kommune og har gjennomført oppstartsmøte. Varsel om oppstart av planarbeidet er forventa i løpet av oktober etter at dialogar med naboar er gjennomført.

Norconsult er engasjert som plankonsulent i tidleg-fase av prosjektet.

Slik kan det bli:

I planinitativet Einarsen Eigedom har sendt inn til kommunen er det lagt opp til ein daglegvarebutikk på gateplan, gode parkeringsløysingar og potensiale for leilegheiter i etasjane over butikken. Det vert arbeida med løysingar og konsept knytt til aldersvenlege bustadar. Det er signert ein ikkje-offentleg intensjonsavtale med ein daglegvarekjede om etablering.

Einarsen Eigedom har eit mål om å få planen til politisk vedtak i juni 2024. Den nye daglegvarebutikken vil då vera klar for opning til julehandelen 2025, om alt går som planlagt etter den oppsatte tidsplanen.

Spørsmål kan rettast til:
Utviklingssjef Erlend Fardal Lunde:
+47 464 28 741 | erlend@einarseneigedom.no

Forrige
Forrige

Einarsen Gruppen AS skiftar selskapsnamn

Neste
Neste

Einarsen Eigedom tek sats mot ei berekraftig framtid