Einarsen Gruppen AS skiftar selskapsnamn

Einarsen Gruppen AS kunngjer i dag at selskapet har skifta namn til Einarsen Eigedom AS. Denne namneendringa markerer ein strategisk retning og styrking av selskapet si identitet som ein framståande aktør innanfor eigedomsbransjen, med utleige av næringseiendom som primært forretningsområde.

Einarsen-familien samla sine ulike verksemder innan daglegvarebutikkar og eigedom i 2015, som eit viktig steg i etableringa av ein konsernmodell. Med interesser i fleire sektorar var namnet Einarsen Gruppen AS naturleg.

 I 2018, i samband med generasjonsskifte i selskapet si leiing, vart det bestemt å reindyrke satsinga på investering, drift og forvaltning av eigedom. Selskapet har sidan den gong strategisk utvida si eigedomsportefølje, noko som har resultert i ei dobling av både utleigeareal og leigeinntekter.

 I 2022 intensiverte selskapet si satsing på eigedomutvikling for å posisjonere seg som ein drivkraft for samfunnsutvikling. Samstundes som selskapet har spesialisert seg som eigendomsselskap, har merkevaren Einarsen Eigedom òg blitt styrka.

Med ambisjonar om vidare vekst og utvikling innanfor eigendomsbransjen, er namneendringa til Einarsen Eigedom AS ein naturleg og viktig del av selskapet si reise.

For meir informasjon, vennlegast kontakt:

 Frode Einarsen, CEO
M: 90636599
@: frode@einarseneigedom.no

Forrige
Forrige

Nytt informasjonsmøte om utviklinga av billagstomta

Neste
Neste

Nytt prosjekt på Hermansverk