Pota Madre etablerer matvogn på Sjøkanten i Sogndal
Fredag 30. januar får Sogndal eit nytt mattilbod når Pota Madre etablerer matvogn på Sjøkanten. Det populære gatematkonseptet er kjent for store, bakte poteter med rikeleg og variert fyll, og har på kort tid blitt ein publikumsfavoritt fleire stader på Vestlandet.
Kaj Hereid Myklatun er på plass i Sogndal med ny matvogn
Pota Madre er etablert av Kaj Hereid Myklatun frå Eidfjord, der «pota» er hardangerdialekt for potet. Konseptet kombinerer enkel, god mat med ein tydeleg identitet og sterk tilstedeværelse i sosiale medium. Resultatet har vore lange køer og rask ekspansjon i byar som Bergen, Odda og Voss – og planar om vidare vekst, også internasjonalt.
Sjøkanten utviklar seg vidare
Sjøkanten har dei siste åra utvikla seg til eit område med eit breitt mangfald av funksjonar, inkludert bustader, kontor, trening, handel og servering. Om sommaren har området vore prega av høg aktivitet frå campingplassen, badelaguna og eit mangfald av folk – både fastbuande, studentar og turistar.
Tre faste mattilbod – og kanskje ein til…
Med etableringa av Pota Madre blir dette eitt av tre mattilbod ved Sjøkanten om sommaren. I tillegg til Reál/St1 vil også Herman Sushi starte opp att sesongdrifta si når sommaren kjem.
Det er samtidig interesse frå fleire aktørar, og det blir vurdert moglegheiter for å etablere eit eige område for fleire matvogner ved Sjøkanten, som kan bidra til ytterlegare aktivitet og liv i området.
Utvikling avlar utvikling
Einarsen Eigedom AS er eigar og utleigar av Sjøkanten, og har som mål å utvikle eigedomane sine i tett samspel med bygda og lokalsamfunnet. Etableringa av nye mattilbod er ein del av arbeidet med å styrke Sjøkanten som ein levande møteplass i Sogndal sentrum.
Me ynskjer Pota Madre lykke til med satsinga i Sogndal!