Einarsen Eigedom tilset Elisabeth Tordal som CFO /Økonomiansvarleg
Einarsen Eigedom (EE) har tilsett Elisabeth Tordal (31) som ny CFO og økonomiansvarleg i selskapet. Tilsetjinga er eit strategisk grep for å styrke den økonomiske og finansielle kapasiteten i konsernet, i tråd med selskapet sitt langsiktige og verdibaserte eigarskapsperspektiv.
Elisabeth Tordal kjem frå PwC sitt kontor i Bergen, der ho dei siste åra har jobba som revisor. Ho har dobbel mastergrad i økonomi og administrasjon og rekneskap og revisjon fra Noregs Handelshøgskole. Dei siste årene har ho hatt særleg fagleg fokus på næringar som oppdrett, eigedom og shipping.
No flyttar ho saman med sambuar og barn frå Bergen til Gaupne, der familien har kjøpt seg bustad.
– Me er svært nøgde med å få Elisabeth med på laget. Ho kombinerer solid fagkompetanse med dokumentert erfaring og god forståing for kapitaltunge næringar. Dette er heilt sentralt for oss når me no tek nye steg vidare, seier Frode Einarsen, CEO i Einarsen Eigedom.
Einarsen Eigedom har eit uttalt evigheitsperspektiv i eigarskapen. Eigedomsverdiane i konsernet er venta å passere 600 millionar kroner i 2027, og selskapet har ei utviklingsportefølje med prosjekt i storleiksorden 1,5 milliardar kroner.
– Det som gjorde Einarsen Eigedom spesielt interessant for meg, er kombinasjonen av tydelege ambisjonar, langsiktig eigarskap og muligheiten til å bidra til selskapets utvikling fremover. Dette er eit selskap som tenkjer struktur og kvalitet – og som eg trur kjem til å bli viktig for Sogndal fremover, seier Tordal.
Ho peikar samstundes på at rolla også vil vere krevjande.
– Den største utfordringa blir å sikre god økonomisk styring og kontroll i takt med høg aktivitet og vidare vekst. Å balansere drift, utvikling og investeringar på ein ryddig og berekraftig måte blir heilt sentralt, seier ho.
Parallelt med veksten dei siste åra har selskapet prioritert å bygge opp eigne fagmiljø internt. Kjøpet av Sogn Eigedomsdrift hausten 2024 var eit viktig steg i denne strategien.
– For å vere ein profesjonell og langsiktig eigedomsforvaltar og utviklar er det avgjerande å ha sterk økonomi- og finanskompetanse in-house. Elisabeth vil få ei sentral rolle i vidareutviklinga av selskapet, både operativt og strategisk, seier Einarsen.
Elisabeth Tordal tok til i stillinga 02.01.2026.