Ny leigetakar i Dalavegen 1

Presis Vegdrift flyttar sitt driftskontor til Sogndalsfjøra.

 

Einarsen Eigedom har inngått leigeavtale med Presis Vegdrift om 1000 kvm for kontor, lager, verkstad og parkering i Dalavegen 1 i Sogndal.

 

Presis Vegdrift er det leiande entreprenørselskapet innan drift og vedlikehold av offentleg veg. Dei største kundane er Statens Vegvesen og Fylkeskommunane. Gjennom desse kundane har dei 24 vedlikeholds-kontraktar fra Nordkapp i nord til Lindesnes i sør. Presis Vegdrift omsette for NOK 1,5 milliardar i 2021.

Me valgte Dalavegen 1 på grunn av den sentrale plasseringen, og moglegheit for å samle drifta vår med kontor, verkstad og lager på ein plass, seier Robert Brenden, driftsleiar i Presis Vegdrift.

 1. september signerte Presis Vegdrift ein ny kontrakt med Vestland Fylke og Statens Vegvesen med ein samla verdi på 1,1 milliardar over dei neste 5 åra.

Sidan me overtok “Billagstomti” i januar 2022 har me hatt ein del ledige areal for verkstad og lager. Og i forbindelse med at ein annan leigetakar flytta ut passa det godt med at Presis Vegdrift kunne ta over desse kontorlokala og dei ledige lagerlokala. Me ser fram til eit godt samarbeid med Presis Vegdrift, seier Frode Einarsen i Einarsen Eigedom.

 
 

Dalavegen 1, også kalt billagstomti, er nærast fullt utleid til Statens Vegvesen, Vestland Fylkeskommune, Vy, Sogndal Taxisentral, Sivilforsvaret, Solberg Autospa, Transferd, Tide buss, Total Repairs, Optiker Tallerås, Einarsen Eigedom og Presis Vegdrift.

Me har igjen nokon mindre lager til leige på ca 100 kvm, og i løpet av våren 2023 vil me få eit spennande kontorlokale på ca 300 kvm ledig i Administrasjonsbygget.

Kontakt Frode Einarsen (frode@einarseneigedom.no | +47 906 36 599) ved interesse.

 
Forrige
Forrige

Startskot for utvikling av Billagstomti

Neste
Neste

NEXT Sogndal