Startskot for utvikling av Billagstomti

Einarsen Eigedom og Clemens Eiendom signerte torsdag 2. mars ein samarbeidsavtale om utvikling av den sentrale Billagstomti i Sogndal Sentrum. Eit stort prosjekt for oss, men kanskje endå større for Sogndal, seier Frode Einarsen.

Det var ein stor dag då Jan Knut Einarsen satte namnetrekket sitt på avtaleverket som markererer startskotet på ei mangeårig utvikling av Billagstomti. Partane i Clemens Eiendom og Einarsen Eigedom har i fellesskap jobba fram eit solid avtaleverk på det drøye året som har gått sidan Einarsen Eigedom kjøpte tomta.

Me er veldig stolte over jobben me har fått gjort på så kort tid og ser fram til eit langt og fruktbart samarbeid med Clemens Eiendom, fortel dagleg leiar Frode Einarsen.

Dagleg leiar i Clemens Eiendom, Bernt Nordby Skøien, fortel kvifor dei satsar på Sogndal kommune saman med Einarsen Eigedom:

Clemens Eiendom ser Sogndal kommune som en attraktiv kommune i vekst, og vi har stor tro på et prosjekt her. Vi ser virkelig frem til å utvikle dette prosjektet sammen med en sterk lokal aktør som Einarsen Eigedom. Vår ambisjon er å skape et attraktivt Sogndal sentrum, og å bringe noen bymessige kvaliteter til Sogndal. Vi håper å skape et område der folk ønsker å bo og oppholde seg, og et område som vil være attraktivt for hele Sogndals befolkning i lang tid fremover. I tillegg ønsker vi å sørge for at Sogndal beholder et godt busstilbud på tomten. 

Det neste steget for utviklinga er at 15 arkitektkontor blir inviterte inn i eit paralelloppdrag. Av desse kontora blir det vald ut tre team som skal levera kvart sitt løysingsforslag for tomta. På tampen av året vil det resultera i ein moglegheitstudie for kvartalet Billagstomti er ein del av. Gjennom prosessen vil det bli lagt opp til tett innbyggarinvolvering med opne folkemøter.

Utviklingssjef Erlend Fardal Lunde er prosjektleiar for Einarsen Eigedom under utviklinga, han kan kontaktast på erlend@einarseneigedom.no og +47 464 28 741.

Les meir hjå Sogn Avis: https://www.sognavis.no/her-skriv-han-historie-det-er-stort-for-oss-men-kanskje-enda-storre-for-sogndal/s/5-115-948641

Forrige
Forrige

Folkemøte om "Billagstomti"

Neste
Neste

Ny leigetakar i Dalavegen 1