Sjå kva visjonar dagens ungdom har for Billagstomti
Korleis ser dei unge føre seg at sentrum og den nye Bilagstomti bør utformast? Sogndal kommune og aktørane bak utviklinga av Bilagstomti, Einarsen Eigedom og Clemens Eiendom, har sett i gong ei Minecraft-utfordring for å finna ut kva skuleelevar meiner om utviklinga av sentrum.
Før folkemøtet torsdag 15. juni, klokka 15.30, vil alle Minecraft-bidraga bli vist fram på skjerm!
Ein onsdag morgon er 8.trinnselevar på Kvåle skule med valfag i teknologi og design klare for ei kreativ undervisningsøkt, med problemløysande aktivitetar og samarbeid. Elevane er så ivrige etter å kome i gong med dagens prosjekt at dei knapt har tid å få med seg introen til læraren, eller gjestene som har kome inn i klasserommet. Gjestene består av Turid Rauboti som er pedagogisk IKT-rådgjevar i Sogndal kommune og Frode Einarsen og Erlend Fardal Lunde i Einarsen Eigedom. Dei er kome på besøk for å sjå korleis det går med det viktige oppdraget elevane har fått; nemleg å utforme den nye bilagstomti i Sogndal sentrum.
Den viktigaste røysta i utviklinga av sentrumsprosjekt er dei unge
Sogndal kommune ynskjer å skapa ein best mogleg oppvekst for dei unge i området. For å nå dette målet er blant anna arbeid med digitale verktøy, medborgarskap, utforsking og tverrfaglege tema viktige. Sogndalsskulen har difor teke i bruk Minecraft i undervisinga, og byrja å gje elevane reelle problemstillingar å arbeide med i det høve.
Kva er Minecraft? Enkelt forklart er det eit sandkassespel, altså ei open verd, der elevane nyttar tredimensjonale legoklossar til å skape det dei måtte ynskje; bygningar, byar, landskap og anna kreativt. Dataspelet, som er ein integrert del av Microsoft 365 for undervisning, har vist seg å motivere og vekke engasjement og lærelyst hjå dei unge. Det kan nyttast på mange forskjellige måtar til å gje fagleg god og ikkje minst tilpassa undervisning, der elevane sit i førarsete og læraren vert ein ivrig copilot og kartlesar.
Kommunen har difor byrja å gje elevane reelle utfordringar med dette spelet som digitalt verktøy. Tidlegare har dei unge blitt bedt om å utforme Sogndal kommune i 2050, før dei no har fått i oppdrag å skape sine visjonar for eit meir konkret prosjekt, bilagstomti. Slik vil elevane kunne få ein smak på kva medborgarskap er, kva planarbeid og samfunnsplanar handlar om, og tankar om korleis dei ser føre seg lokalsamfunnet i tida framover.
Korleis meiner elevane på Kvåle skule at den nye bilagstomti i Sogndal bør utformast?
Læraren Bianca fortel at klassen er delt inn i fem grupper, der ho vel ut dei to beste bidraga som går vidare i konkurransen. Det vil òg koma forslag frå Kaupanger og Trudvang skule. Totalt seks bidrag skal leggjast fram for ein jury, der vinnarklassen får spandert ein klassemiddag og kanskje til og med påverka korleis Billagstomti blir i framtida?
Sander Lomheim (13) og Elida Falch Husum (14) tek jobben med å forklara uvitande Einarsen og Fardal Lunde korleis Minecraft fungerer. Saman med Lukas Nornes (13) og Viljar Elde Iversen (14) utgjer dei èi av gruppene som jobbar saman med å utvikla Billagstomti i Minecraft-format.
Det er fasinerande å sjå kor engasjert dei er i å bygga dette her, uttrykkjer Rauboti, og utfordrar elevane i å tenkje endå meir «ut av boksen» når dei skal utforme området.
På neste gruppe sit Trygve Rygg (13) og presenterer bustadblokka han ser føre seg at kan byggjast, samstundes som han frenetisk klikkar på datamusa for å byggja ny bussterminal og skriv memorerte kodar som forenklar prosessen. Trygve tek seg òg tid til å hjelpa ei anna gruppe, og fortel at det han saknar i Sogndal er ein trampolinepark, sjølv om han trur det fins betre lokasjonar enn Billagstomti for akkurat dét. Kafé skal det i alle fall bli der!
Folkemøte
Torsdag 15. juni arrangerer Einarsen Eigedom og Clemens Eiendom eit folkemøte for å fortelja om prosessen vidare. Der vil alle dei seks forslaga bli vist, og vinnaren, som ein jury har kåra, bli presentert.
På veg ut døra må Rauboti, Einarsen og Fardal Lunde brått snu, i det ein elev lurer på kva dei ønskjer at han skal teikna. Korleis dei vil det skal sjå ut. Svaret er like enkelt som det er vanskeleg: me vil vita kva du vil ha, ikkje tenk på oss!
Etter den lange, utvida undervisningsøkta kan læraren fortelje at elevane har jobba engasjert, iherdig og utelukkande med prosjektet i heile tretimar utan å gå lei. Tenk om det same gjaldt når elevane skulle skrive ein samanliknande diktanalyse av to norske klassikarar?
Saka er utforma av Turid Rauboti (Sogndal kommune) og Erlend Fardal Lunde (Einarsen Eigedom).