Startskot for Billagstomti
I Noregs djupaste og lengste fjord har tre kommunar vorte ein og Sogndal veks no inn i rolla som regional motor. Saftbygdi Sogndal skal rustast for vekst og ei berekraftig framtid. Sogndal kommune har lansert ein klimavenleg retning, og nyttar framoverlente strategiar for fortetting og grøn mobilitet.
Einarsen Eigedom og Clemens Eiendom føl opp kommunen sin strategi, og har slått saman sine visjonar for utviklinga av sine areal på den sentrale «Billagstomti» i Sogndal. For å finna dei beste løysingane for Sogndal, har dei no lansert og lanserer eit parallelloppdrag. Tre kvalifiserte arkitektteam er i gong med å sjå på korleis tomta skal sjå ut i fremtida.
Sidan 50-talet har «Billagstomti», skysstasjonen i Sogndal, vore sjølve portalen til bygdi for busspendlarar og skuleborn, ein viktig funksjon som skal bevarast. Storkvartalet har fått ei strategisk plassering i kommuneplanen som bindeledd mellom det historiske sentrum «Fjøra» ved fjordkanten i aust, og «Campus Sogndal», med Høgskulen på Vestland og Sogndal Fotball med fleire, i vest. Tida er moden for å modernisera og effektivisera terminalen slik at storkvartalet kan bli ein vital del av sentrum.
Det siste året har Einarsen Eigedom og Clemens Eiendom sett i gong eit samarbeid for realiseringa av den nye Billagstomti, i tett dialog med Sogndal kommune og Vestland fylkeskommune. Oppgavå er samansett og fagleg kompleks, so for å sikra eit breitt tilfang av idear har utbyggarane valgt å bruka parallelloppdrag som grunnlag før igangsetjing av detaljreguleringa.
Eit folkemøte i Sogndal 15. juni vart startskotet for parallelloppdraget. Der fekk tre utvalgte arkitektteam verdifulle innspel frå publikum og oppdragsgivarane. Skuelungane i Sogndal var inkludert gjennom ein Minecraft-konkurranse der dei fekk same program som arkitektteama på førehand. Skuleelevane sine spanande idear dannar no «bestillingar frå framtidas Sogndøler».
Oppgåva med å utvikla ein moderne bussterminal i kombinasjon med bustad, næring og sentrumsformål basert på trygge og grøne bygolv er utfordrande. Me ønska difor å få forslaga utarbeida av solide tverrfaglege fagteam. Etter ein runde med mange sterke team har me landa på tre solide team som me trur vil levera spanande grep, og gode og berekraftige løysingar for Sogndal sentrum. Dei utvalgte arkitektane som deltek, er:
DRMA, 1:1 Landskab, Urban Creators
LOF Arkitekter, Multiconsult
Norconsult, Nordic Office of Architecture
Forslaga skal stillast ut og presenterast på eit ope sluttseminar i Sogndal. Tilbakemeldinger frå publikum vil bli teke med i juryen si evaluering av dei tre forslaga. Juryen for parallelloppdraget består av
Frode Einarsen, Einarsen Eigedom
Erlend Fardal Lunde, Einarsen Eigedom
Sofia Bjørck, Clemens Eiendom
Magnus Indrebø, Clemens Eiendom
Lars Ivar Welle-Nilsen, fagekspert mobilitet Asplan Viak
Sissel Engblom (juryleiar), fagekspert byitvikling og arkitektur
Spørsmål om prosjeket kan rettast til Erlend Fardal Lunde
+47 464 28 741 // erlend@einarseneigedom.no