Sogn Eigedomsdrift skal levere driftstenester til statlege bygg i Sogn!
Sogn Eigedomsdrift AS har vunne Statsbygg sitt anbod for enklare driftstenester i Sogn
Avtalen omfattar ei rekkje statlege bygg i regionen, inkludert Statens hus, politiet, domstol og utdanningsbygg – og inneheld dagleg oppfølging av bygga med slike oppgåver:
Rensing av takrenner, sluk og takvask
Renhald av tekniske rom
Tilsyn og ettersyn av internkontrolloppgåver
Utbetring av avvik frå leigetakarar og Statsbygg
Mindre reparasjonsarbeid
Snømåking og strøing der maskin ikkje kjem til
Smøring av låsar og dører
Fjerning av tagging
Boss og avfallshandtering
Spyling og rydding av uteområde
Flaggheising ved bestilling
Dette er ein stor tillitserklæring til oss som lokal driftsaktør – og eit oppdrag vi tek med stort alvor og stoltheit.
Takk til Statsbygg for tilliten – vi gler oss til å bidra med påliteleg og effektiv drift av viktige offentlege bygg i Sogn!