To nye elbilar i drift – eit steg vidare for miljø og framtid

Sogn Eigedomsdrift har no teke eit nytt steg i arbeidet med å bli meir berekraftige. Denne veka har me bytt ut to av dei fossildrivne bilane våre med moderne elbilar. For oss handlar dette ikkje berre om å følge utviklinga – men om å vere ein del av løysinga.

Driftsoppgåvene våre krev påliteleg transport, og dei nye elbilane vil gi oss både betre drift og eit mindre klimaavtrykk. Me ser at teknologien har kome langt, og med god rekkevidde og lågare driftskostnader, er dette eit smart val – både for miljøet og for økonomien.

Me ønskjer å vere ein ansvarleg aktør som tek framtida på alvor, og dette bilbytet er eitt av fleire tiltak me jobbar med for å gjere verksemda meir miljøvennleg.

Forrige
Forrige

Sogn Eigedomsdrift skal levere driftstenester til statlege bygg i Sogn!

Neste
Neste

Sogn Eigedomsdrift får ny eigar