S37 - Sogndal
Einarsen Eigedom AS står bak eit spennande utviklingsprosjekt der eit eksisterande bygg blir transformert til eit moderne og framtidsretta forretningsbygg. Prosjektet kombinerer gjenbruk og berekraft med nye løysingar som skal møte dagens krav frå leigetakarar og samstundes tilføre bygget eit attraktivt uttrykk. Målet er å skape eit fleksibelt og funksjonelt bygg som kan huse handel, kontor, lager og bustad – og som vil vere ein naturleg og sterk del av bygningsmiljøet i sentrum.
Om prosjektet
• Prosjektet omfattar transformasjon og totalrehabilitering av dagens bygningsmasse for å møte dagens krav og forventningar hjå leigetakarar.
• Arkitektkontoret 4B og Norconsult har prosjektert bygget med fokus på gjenbruk, bærekraft og framtidsretta løysingar.
• Det ferdige bygget blir eit moderne og tilnærma nytt forretningsbygg som inkluderer handel, kontor, lager og bustad, tilpassa ulike behov og bruksområde.
• Gjennom heile prosessen har det vært fokus på å få til eit bygg som me kan være stolte av, og at bygget får eit moderne og attraktivt uttrykk samtidig som det glir inn i bygningsmiljøet rundt.
• Om- og påbyggingsarbeidet blir gjennomført i samsvar med TEK17, noko som sikrar høg energieffektivitet og låg miljøpåverknad.
• Byggeprosessen er delt inn i 4 fasar.
• Byggets arealet aukar frå ca 3.900 kvm til ca 5.000 kvm, noko som gir nye moglegheiterog auka fleksibilitet for leigetakarar.
• Det er signert avtalar med solide og kjente leigetakarar som er marknadsleiandeinnan sine bransjar, og som vil styrke bygget sin identitet.