Autohuset Sogn etablerer Mekonomen i Granden 23
– Me skal bli eit friskt pust og eit nytt alternativ til kundar i Sogn, seier Markus Solberg og Hans Roald Holen i Autohuset Sogn, som no etablerer den første Mekonomen-verkstaden i regionen.
Einarsen Eigedom har sidan Frydenbø Bilsenter flytta ut av lokala i Granden 23 vore på leit etter ein aktør som utfyller eller tilfører noko nytt i bilbransjen i Sogn. Det har vore mange interessentar på lokala frå fleire bransjar, men den tidlegare suksessen innanfor bilbransjen la føringar for kva ein ønskte av etablering.
- Me har vore imponert over omsetningstala som har vorte levert her tidlegare og såg det difor som naturleg å finna ein ny aktør frå bilbransjen. Med marknadstala på bil til grunn meinar me det er rom for at fleire kan lukkast, seier Frode Einarsen i Einarsen Eigedom.
Med Autohuset Sogn og Mekonomen som merkevare vil Sogn få eit nytt bilhus og bilkonsept som tilfører Sogndal fleire nye arbeidsplassar. Samstundes vil innbyggjarane få eit nytt og friskt tilbod.
– At me nok ein gong klarar å få på plass ei nyetablering i Sogndal er me stolte over, fortel Einarsen.
Mekonomen er ikkje etablert i Sogn frå før og Autohuset Sogn blir difor den første som kan titulera seg som Mekonomen-verkstad i reigonen vår. Mekonomen er ei moderne og innovativ verkstadkjede som er klar for framtidas endringar i bilbransjen.
- Mantraet vårt er å vera best på service, kvalitet, tilgjengelegheit og tillit. Dette kombinert med moderne og egna lokale sentralt i Sogndal, erfaring og tyngde frå bransjen, gjer at Autohuset er godt rusta for å gi kunden den beste service og kvalitet til rett pris, seier Solberg.
- Me har fleire samarbeid med karane bak Autohuset Sogn og kjenner dei difor godt. Dei er ambisiøse og dyktige på kvar sine felt og tek med seg ei god oppskrift med klare og tydelege mål, avsluttar Frode Einarsen.
Einarsen Eigedom ser fram til samarbeidet. gratulerar Autohuset Sogn som ny leigetakar i Granden 23 og ønskjer dei lukke til med oppstart. Einarsen Eigedom skal leggja forholda godt til rette slik at me som huseigar gir Autohuset Sogn gode moglegheiter for å lukkast.
Spørsmål kan rettast til:
Autohuset Sogn: Markus Solberg (markussolberg@icloud.com)
Einarsen Eigedom: Frode Einarsen (frode@einarseneigedom.no | 906 36 599)