KRB Capital flyttar inn i Bankbygget

Regionens fremste finanshus har fått ein ny leigetakar; KRB Capital flyttar inn i 3. etasje etter sommaren.

KRB Capital forvaltar eit lukka fond med kundar som etter loven er definert som profesjonelle investor. Fondet har ein størrelse på 600,- millionar kroner og er registrert hjå Finanstilsynet som AIF-fond. KRB Capital investerer i børsnoterte selskap i Norden og skil seg ut frå vanlege fond med å ha få investeringar, typisk 10 selskap. Ein investerer i selskap med fem års perspektiv og som følge av dette ynskjer ein kapital som har minst tilsvarande tidshorisont.

Med KRB inn som leigetakar forsterkast Bankbygget i Gravensteinsgata 19 ytterligare som det leiande finanshuset i Sogn. KRB Capital blir etter vår kunnskap det første aksjefondet i Sogn og Fjordane. KRB Capital tilfører Sogndal nye arbeidsplassar og eit nytt område innan finansbransjen som ikkje er lokalisert her frå før.

Bankbygget er fullt utleigd med unntak av nokre kontor i 1.etasje ved sida av Sparebanken Vest.
Kontakt Frode Einarsen (frode@einarseneigedom.no | +47 906 36 599) ved interesse.

Forrige
Forrige

Brasa Restaurant & Bar har opna uteserveringa

Neste
Neste

Autohuset Sogn etablerer Mekonomen i Granden 23