Brasa Restaurant & Bar har opna uteserveringa

Leigetakaren vår i Gravensteinsgata 19, Brasa Restaurant & Bar, har opna si uteservering med 88 plassar.

På uteserveringa har Brasa berre drop in og bestilling må gjerast via QR-kode på deira moderne og interaktive system.

Restauranten opna for litt over to månadar sidan og dagleg leiar, Victor Aguiar, er strålande nøgd so langt:

Tilbodet vårt har vorte godt motteke og folk kjem ofte tilbake i ulike anledningar. Anten som familie, i jobbsamanheng eller på date. Dette syner at me har eit konsept som treff ei veldig brei gruppe og me har hatt over 4200 gjester på besøk sidan opning!

På nasjonaldagen, 17. mai, har Brasa DJ på utserveringa frå kl 14 til kl 18.
Dette gjeld òg 16. mai

Forrige
Forrige

Einarsen Eigedom kjøper Veidekke sin eigedom på Kaupanger, og Veidekke flyttar inn på Sjøkanten Workplace

Neste
Neste

KRB Capital flyttar inn i Bankbygget