Nytt informasjonsmøte om utviklinga av billagstomta
Saman med Clemens Eiendom inviterer me til presentasjon av framtidas billagstomt i Sogndal.
Tid: Tysdag 9 januar 2024 klokka 17-20, utstillinga opnar dørane klokka 15.
Stad: Quality Sogndal Hotell
Sidan juni har tre arkitektteam frå Nordic/ Norconsult, LOF Arkitekter/Multiconsult og DRMA/ Landskap1:1/Urban Creators jobba parallelt med kvar sine forslag til utviklinga av Billagstomta i Sogndal sentrum.
Før oppstart av oppdraget inviterte Einarsen Eigedom og Clemens Eiendom til opent startseminar og presentasjon av områdets moglegheiter i henhold til kommuneplanen, samt presentasjon av alle arkitektane. No invitera me igjen til deltagelse i sluttseminaret når arkitektane no presenterar sine visjonar og forslag.
Forslaga vil bli utstilt med plansjar og fysiske modellar for publikum og me imøteser innspel frå alle Sogndøler.
Utstillinga opnar dørane klokka 15:00 og presentasjon starter klokka 17:00
Velmøtt!
Hallo Sogn vil også streame direkte frå møtet, link:
https://www.YouTube.com/watch?v=VwTCr6rOOzU