Extra-butikk inn i Fjordheim-prosjektet på Hermansverk

Illustrasjon av tidlegare prosjektert bygg på eigedomen som skal utviklast.

Coop Nordvest og Einarsen Eigedom har signert ein leigeavtale om etablering av ein ny Extra-butikk på Hermansverk. Butikken blir ein sentral del av det nye Fjordheim-prosjektet, og vil styrke både handelstilbodet og sentrumsmiljøet i Leikanger.

Fjordheim-prosjektet omfattar utvikling av ein kombinert nærings- og bustadeigedom i sentrum av Hermansverk. Planane inkluderer ein moderne daglegvarebutikk i første etasje, samt sentrumsnære bustader i etasjane over. Coop Nordvest SA har no forplikta seg til å opne ein Extra-butikk i næringsdelen av prosjektet.

– Me er svært nøgde med å ha fått Coop Nordvest med på laget som leigetakar i Fjordheim-prosjektet, seier Frode Einarsen, dagleg leiar i Einarsen Eigedom. – Extra-butikken vil bli eit viktig tilskot til Leikanger, og styrker det lokale handelsmiljøet på ein måte som gagnar både fastbuande og tilreisande.

Extra-kjeda er ei av dei raskast veksande daglegvarekjedene i landet, med fokus på faste låge prisar, stort utval og gode medlemsfordelar. Med etableringa på Hermansverk ønskjer Coop Nordvest å gjere det enklare for kundane å handla rimeleg – lokalt.

Fjordheim-prosjektet skal utviklast av Einarsen Eigedom i samarbeid med lokale partnarar, og det er allereie sendt inn planinitiativ til kommunen. Politisk behandling er venta ferdig innan sommaren 2026. Dersom alt går etter planen, vil butikken stå klar til opning før julehandelen 2027.

– Me ønskjer å bidra til ein positiv og framtidsretta utvikling av Hermansverk sentrum. Med Extra på plass får me ein solid ankerleigetakar, og det legg eit godt grunnlag for realisering av både bustader og andre funksjonar i bygget, avsluttar Einarsen.

Neste
Neste

Sjøkanten får Sogndal sitt største ladeanlegg!