Einarsen Eigedom inngår partnarskap med AH-Bygg, Bent Vikøren og La-BIM

Einarsen Eigedom har inngått eit samarbeid med byggentreprenør AH-Bygg, røyrleggjar Bent Vikøren og byggkonsulent La-BIM for utvikling av Fjordheim-prosjektet på Hermansverk i Sogndal kommune.

Fjordheim skal bli eit moderne og framtidsretta bygg med bustader og handel – midt i Hermansverk sentrum.

Fjordheim er eit prosjekt me har stor tru på. Me ønskjer å skape sentrumsnære bustader med ny Coop Extra-butikk som vil tilføre nye tilbud på Leikanger. Med desse partnarane har me sett saman eit lag med solid fagkunnskap, kapital, gjennomføringsevne og kompetanse innan eigedomsutvikling, seier Frode Einarsen, dagleg leiar i Einarsen Eigedom.

Einarsen Eigedom har i vår jobba med å finne partnarar til prosjektet, og opplevde raskt stor interesse. – Det var tydeleg at Fjordheim-prosjektet traff godt i marknaden. Dette er ei attraktiv tomt, eit spennande konsept og eit løft for Leikanger. Me merka tidleg at det ikkje ville bli utfordrande å få med solide investorar, seier Einarsen.

Den familiedrive VVS-entreprenøren Bent Vikøren var den første som ville inn i prosjektet.

– Me kjenner området og folka, og det er inspirerande å få vere med på å utvikle noko som skal gi nytt liv til Leikanger sentrum. Dette er eit prosjekt som kombinerer lokal verdiskaping med framtidsretta løysingar – noko som passar oss godt. Me ser fram til å bidra med solid handverk og moderne VVS-løysingar som vil vare lenge, seier Kristian Vikøren, dagleg leiar i Bent Vikøren AS.

Kombinerer bustad og næring

Fjordheim-tomta ligg sentralt til på Hermansverk i Sognefjordvegen  19 og omfattar ei tomt på rundt 3 500 kvadratmeter. Planen er å utvikle tomta med om lag 1 300  kvadratmeter til daglegvarebutikk og rundt 10 - 20 leilegheiter. Prosjektet har meldt oppstart, og arbeidet med detaljreguleringsplanen vil starte opp i nært samarbeid med kommunen og andre aktørar, hausten 2025.

Det foregår ein aktiv dialog med Leikanger Pensjonistlag som ønskjer å medverka i planleggingsprosessen med tanke på aldersvennlege bustader og sosiale møteplassar.

Det vart nyleg inngått ein betinga leigeavtale med Coop Nordvest om etablering av ein Extra-butikk. Butikken som vert etablert i prosjektet vil gje Hermansverk og Leikanger eit nytt, moderne daglegvaretilbod. Coop Extra er samvirkeeigd.

Einarsen Eigedom har inngått intensjonsavtale med dagens eigarar i Fjordheim Eigedom AS, om overtaking av eigedomen.

Lokale partnarar med tyngde

🧱 Einarsen Eigedom AS er eit eigedomsselskap med hovudsete i Sogndal. Selskapet jobbar med utvikling, forvaltning og drift av nærings- og bustadbygg, med høgt fokus på kvalitet. Selskapet eig og driv eigedomar over heile Indre Sogn, og er involvert i fleire utviklingsprosjekt som Billagstomti, Sjøkanten, S37 og Fjordheim. Selskapet hadde inntekter på 36 MNOK i 2024 og ei samla prosjektmasse under utvikling på 1,5 MRDNOK.
Dagleg leiar: Frode Einarsen

🏗 AH Bygg AS (Andersen & Hofslundsengen AS) er ein solid totalentreprenør med base i Sogndal. Selskapet leverer prosjekt innan bustad, næring og offentlege bygg, og har i nesten 30 år vore ein sentral aktør i byggjebransjen i Sogn. Dei er spesielt kjende for høg gjennomføringsevne, lokalkunnskap og god prosjektleiing. AH Bygg hadde i 2023 ei omsetning 73 MNOK, og 29 tilsette.
Dagleg leiar: Arild Andersen

🔧Bent Vikøren AS er ein familiedrive rørleggjar- og VVS-entreprenør med hovudkontor på Kaupanger. Dei tilbyr alt frå røyrinstallasjonar i bustader og næringsbygg til komplette varme- og sanitæranlegg. Selskapet har solide referansar frå både offentlege og private prosjekt i Sogn. I 2023 hadde dei ei omsetning på 17 millionar kroner og 13 tilsette.
Dagleg leiar: Kristian Vikøren

🧠La-BIM AS er eit konsulentselskap innan digital prosjektleiing og bygningsinformasjonsmodellering (BIM). Selskapet er leia av Lasse Vikøren Asperanden og tilbyr tenester som 3D-modellering, prosjektkoordinering og effektiv samhandling i byggjeprosessar. La-BIM leverer sine tenester til kundar over heile landet.
Dagleg leiar: Lasse Vikøren Asperanden

Neste steg

Lasse V. Asperanden er engasjert som prosjektleiar og dagleg leiar i utviklingsselskapet.

Fjordheim er eit prosjekt som eg vart tidleg engasjert i, og eg som innflytta systrending ser fram til å være med på å forme. Prosjektet har alt fått godt lokalt engasjement, og det blir ekstra gøy når innbyggjarane ønskjer eit prosjekt velkomen, seier Lasse V. Asperanden, dagleg leiar i La-BIM.

Prosjektgruppa arbeider no med førebuing til detaljregulering og involvering av kommunen og relevante instansar. Byggestart er venta i løpet av 2026.

Vår ambisjon er bidra til å utvikle eit attraktivt og levande bumiljø med nærleik til sentrum, fjord og fellesskap. Fjordheim skal bli eit løft for Hermansverk, avsluttar Magne Hofslundsengen og Arild Andersen i AH-Bygg.

Forrige
Forrige

GK NORGE STYRKAR SI SATSING I SOGNDAL - NYE LOKALE I S37

Neste
Neste

Extra-butikk inn i Fjordheim-prosjektet på Hermansverk