Arkitektkontoret 4B og Norconsult valt som arkitekt og plankonsulent for Fjordheim-prosjektet på Hermansverk
Fjordheim-prosjektet, som skal gi Hermansverk ein ny Coop Extra-butikk og moderne sentrumsleilegheiter med fjordutsikt, tek no eit avgjerande steg vidare. Ein brei og grundig arkitektkonkurranse er gjennomført, og me har valt Arkitektkontoret 4B som arkitekt og Norconsult som plankonsulent.
Målet med prosjektet er å skape eit attraktivt og framtidsretta sentrum på Hermansverk, som kombinerer handel, bustadkvalitet, arkitektur og grøne uteområde – og styrkar Leikanger som regionsenter i Sogn.
Brei prosess førte til tydeleg val
– Me valde å gjennomføre ein brei og grundig prosess der vi inviterte Mofeus Arkitekter, Arkitektkontoret 4B, Stiv Kuling og Asplan Viak til å kome med innspel på arkitektur, utforming, pris og leveranse. Etter ei samla vurdering i styret valde vi å innleie samarbeid med Arkitektkontoret 4B og Norconsult avd. Sogndal – aktørar som alle partnarane i prosjektet har gode erfaringar med frå tidlegare, seier Lasse Asperanden Vikøren, prosjektleiar i Fjordheim-prosjektet.
Prosjektet blir utvikla i samarbeid mellom Einarsen Eigedom AS, Bent Vikøren AS, AH Bygg AS og LA-BIM AS.
Frå venstre: Åsmund Veigel Gaukstad, Christina Sørheim, Heidi Kathrin Osland og Lasse Asperanden Vikøren
Norconsult Sogn og Fjordane: Plankonsulent med lokal kjennskap
– Me i Norconsult gler oss over å få vere med på å utvikle sentrum av Leikanger. Fjordheimtomta med sin beliggenheit ligg på eit nøkkelpunkt i å kunne knyte bygda tettare saman og bidra til ein transformasjon av sentrum på Leikanger, seier Åsmund Veigel Gaukstad i Norconsult sin avdeling i Sogndal.
Norconsult er inne som plankonsulent og skal stå for utarbeiding av reguleringsplan i tett samspel med Arkitektkontoret 4B. Viktige tema no i innleiande fase er å vurdere trafikkforholda og grunnforhold. Me har stor tru på at det tverrfaglege arbeidet med arkitekt og oppdragsgjevar vil gje gode løysningar som gjev auka trivsel for heile lokalsamfunnet.
Arkitektkontoret 4B AS: Bygg vidare på Hermansverk sin arkitektoniske arv
– Hermansverk har lange tradisjonar for bygningar av høg arkitektonisk kvalitet som ligg som perler på ei snor langs Sognefjordvegen. Arkitektkontoret 4B ønsker at Fjordheim skal bli ein del av denne tradisjonen – med eit tydeleg andlet mot bygda og med fint utforma fasadar som har ein farge- og materialbruk som skaper identitet og karakter, seier Heidi Kathrin Osland i Arkitektkontoret 4B.
– Vi ønsker trivelege og funksjonelle utomhusareal der det er lett å finne fram. Leilegheitene vil få flott fjordutsikt og spela på lag med lyset som er spesielt for Hermansverk. Inngangar vil vende mot eit frodig parkområde, og fasaden mot elva vil få innslag av tre og plantar som bind natur og bygning saman og gir mjuke overgangar til bygda, fortset ho.
Eit prosjekt med lokal forankring og regional betydning
Fjordheim-prosjektet skal skape eit levande sentrum der handel, bu-kvalitet og uteområde fungerer i samspel. Den nye Coop Extra-butikken vil styrke det lokale servicetilbodet, medan leilegheitene vil gi attraktive bumoglegheiter midt i sentrum.
Prosjektet har sterk lokal forankring gjennom partnarane og tett dialog med Sogndal kommune.
– Me ønskjer at Fjordheim skal bli eit prosjekt som både ser framover og tek vare på identiteten til Hermansverk. Valet av 4B og Norconsult gir oss eit lag som kombinerer lokal kjennskap med høg fagleg kvalitet. Det gir oss ein solid plattform inn i reguleringsarbeidet og vidare prosjektering, seier Frode Einarsen i Einarsen Eigedom.
Gamle “Byggevaren” på Hermansverk skal rivast til fordel for nytt bygg med butikk og leilegheiter.
Neste steg
Reguleringsplanarbeidet startar no opp, og det vil bli lagt vekt på:
god trafikkflyt og tryggleik
solide grunnforhold og berekraftige løysingar
arkitektur som styrkar identitet og estetikk i sentrum
grøne og tilgjengelege uteområde
bustader med høg kvalitet og fjordutsikt
Prosjektpartnarane vil halde fram med aktiv dialog med innbyggjarar, næringsliv og kommune i prosessen.
For meir informasjon:
Lasse Asperanden Vikøren
Prosjektleiar
mobil: 975 32 071
e-post: lasse@la-bim.no