Sport 1 Sogndal flyttar til Bankbygget

Sport 1 har vore etablert i Sogndal i over 30 år og har sterk lokal forankring i ei aktiv bygd prega av aktivitetar som fotball, klatring, ski og friluftsliv. No tek butikken eit nytt steg og flyttar frå Parkvegen 2 til Gravensteinsgata 19 – til bankbygget som alle i Sogndal kjenner.

– Me gler oss til å ta imot kundane i nye lokale. Her får me ein butikk som ligg godt synleg og tilgjengeleg til langs Gravensteinsgata. Med over 10.000 bilpasseringar kvar dag – i tillegg til alle som går eller syklar forbi blir dette ein ny kvardag.

Flyttinga betyr meir enn nye lokale for Sport 1. Butikken vil bidra til aktive fasadar i ei gate som i dag opplevast litt «tom», og truleg bidra til å trekke fleire ned i Fjøra. Saman med nyetableringa av Peppes Pizza vil Sport 1 fylle det siste ledige lokalet i dette bygget.

Butikken er eigd av dei samme bak Intersport (Stig Helge Nord, Reidar Gaute Dvergedal og Eirik Bakke). Dei har fleire gonger vore kåra til «Årets Intersport-butikk» og har solid erfaring og kontroll på drifta.

Opninga i dei nye lokala er planlagt til midten av november. Då inviterer Sport 1 alle til å feire med gode tilbod og ei triveleg handleoppleving i moderne og sentrale omgivnader.

Forrige
Forrige

Arkitektkontoret 4B og Norconsult valt som arkitekt og plankonsulent for Fjordheim-prosjektet på Hermansverk

Neste
Neste

Peppes Pizza er endeleg klar for Sogndal!