GK NORGE STYRKAR SI SATSING I SOGNDAL - NYE LOKALE I S37
GK Norge har har signert leigekontrakt og etablerer seg i toppmoderne lokale i fleirbruksbygget S37 i Sogndal sentrum. Flyttinga gir betre rammer for drift, samarbeid og vidare vekst i regionen.
GK Norge er ein leiande teknisk totalleverandør innan:
Prosjektleiing – koordinering og gjennomføring frå A til Å
Energi – løysingar for redusert energibruk og utslepp
Kulde og varmepumpesystem – driftssikre og effektive anlegg
Ventilasjon og inneklima – moderne, behovsstyrte system
Automasjon – smart styring for betre oversikt og kontroll
Med rundt 20 tilsette lokalt og ei sterk tverrfagleg tilnærming har GK etablert seg som ein solid teknisk servicepartner for offentleg og privat sektor i Sogn. Samtidig blir kontoret i Sogndal bygd vidare opp gjennom ei målretta satsing på fagkompetanse og rekruttering av lærlingar – ei investering i framtidas arbeidskraft og i regionen.
Dei nye lokala er utvikla i samarbeid med Einarsen Eigedom, Kleiven Sogn AS og Krohnark, og vil spegle framtidas krav til funksjon, teknologi og berekraft. Flyttinga er ein del av GK sitt arbeid med å byggje sterke fagmiljø på tvers av landet – og med solid lokal forankring.
S37 er eit moderne fleirbruksbygg utvikla og eigd av Einarsen Eigedom, teikna av Arkitektkontoret 4B. Bygget rommar bustader, forretning, kontor, lager og garasje, og er utforma for å tilby fleksible og framtidsretta løysingar tilpassa eit mangfald av leigetakarar. Kleiven Sogn AS er totalentreprenør for prosjektet, og byggearbeida starta i desember 2024.
Med signeringa til GK er store delar av bygget no utleigd, men det er framleis mogleg å bli ein del av S37:
🔹 Ledig kontorlokale i 3. etasje (ca. 400 m²)
– lyst og tilpassingsvennleg
🔹 Ledig lagerlokale i 1. etasje (ca. 100 m²)
– god tilkomst frå bakkeplan
Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer meir informasjon eller ein uforpliktande prat om lokala.
Kontaktperson:
Frode Einarsen
Dagleg leiar – Einarsen Eigedom AS
📞 +47 90 63 65 99
📧 frode@einarseneigedom.no
🌐 www.einarseneiendom.no