Peppes Pizza er endeleg klar for Sogndal!
No er det endeleg klart: Peppes Pizza opnar i Sogndal! I ei spennande satsing for bygdi har Einarsen Eigedom inngått ein langsiktig leigeavtale for restaurantlokala i Gravensteinsgata, og drifta blir tatt over av far og son, Jan Morten og Stian Hagen, som i dag driv Peppes Pizza på Beitostølen og Geilo.
Lokala skal tilpassast Peppes-konseptet, og målet er å opna dørane i slutten av november 2025.
Etableringsprosessen vart meir utfordrande enn venta
Allereie i mars 2024 vart ein intensjonsavtale signert med Peppes Pizza-kjeda. Men å finne rett aktør til å driva restauranten viste seg å vera meir utfordrande enn ein hadde venta.
– Me vart overraska over den låge responsen, trass i at Peppes er ei solid merkevare, seier Frode Einarsen i Einarsen Eigedom. Han peikar på at konkursar og uro i Sogndal sentrum mot slutten av 2023 og våren 2024 kan ha skremt talent med draum om å starta restaurant. Men faktum står ved lag: serveringsbransjen i Sogndal ligg på over 100 millionar kroner i samla omsetnad – og dei driv godt og har sunn inntening. Med ei venta vekst i reiselivet ser framtidsutsiktene svært solide ut.
Då hausten 2024 kom, tok samtalane med Hagen-familien form. Den gongen var dei midt i kjøpsprosess av Peppes-restauranten på Geilo, og kunne ikkje engasjera seg fullt ut i Sogndal. Men tankane om å utvida satsinga hadde allereie byrja å spira.
Familiebedrift med fleire bedrifter
Det er ein far-og-son-duo som tar ansvaret i Sogndal. Jan Morten og Stian driv i tillegg til Peppes Pizza på Beitostølen og på Geilo – og ein campingplass i Undredal, noko som gir dei solid erfaring med drift, service og turisme.
For familien Hagen er satsinga i Sogndal eit naturleg steg vidare:
- Sogndal er ei bygd med sterk folketallsvekst og regionssenter i Sogn. Me ser for oss at Peppes kan bli ein samlingsplass for både turistar, barnefamiliar og studentar – der alle finn seg til rette, seier Stian Hagen.
Kvifor Peppes – og kvifor Sogndal?
Peppes Pizza er eit sterkt franchisekonsept med historie tilbake til 1970, då kjeda vart grunnlagt av amerikanarane Louis og Anne Jordan. Sidan den gong har slagordet «It’s not just pizza, it’s Peppes» vore ei rettesnor – og signalisert at dette handlar om noko meir enn berre mat, men også opplevinga av å vera saman.
- Sogndal er ei stor og ung bygd, og ikkje minst regionssenter. Då forpliktar det til utvikling og ei forventning om tilbud og konsept som Peppes. Samtidig vil reiselivsnæringa ha stor vekst dei neste åra som gjer at grunnlaget for serveringsbransjen berre aukar - og med eit fotballag som me alle håpar er tilbake i øvste divisjon neste år blir dette endå betre. Sogndal har energi, vilje og potensiale – og nettopp difor er Peppes Pizza heilt rett satsing her, seier Frode Einarsen.
Ein restaurant for alle
Peppes Pizza sitt konsept vil passe for både barnefamilar og studentar, med ein meny som alle frå 1 til 100 år likar. Her skal det vera plass til alle, med eit miljø som kombinerer god mat, uformell atmosfære og hyggelege opplevingar. Ein møteplass, anten det er for ein rask lunsj, ein pizzakveld eller som samlingspunkt før og etter fotballkamp, kino, quiz eller konsert.
– Me gledar oss til å opna og ønskjer å skapa ein restaurant som er attraktiv for både lokalbefolkninga, studentane og tilreisande, seier Jan Morten Hagen.
Den nye restauranten vil flytta inn i det ikoniske bankbygget i Gravensteinsgata, som har vore ein del av Sogndal sentrum sidan 1966. Bygget er berre fire år eldre enn Peppes Pizza sjølv, som starta i Oslo i 1970. Med dette møtet mellom to klassikarar får både bygget og Fjøra nytt innhald – og Peppes sin kjende raude logo vil snart pryda fasaden.
Praktisk informasjon
Lokasjon: Gravensteinsgata 19, Sogndal sentrum
Drift: Stijan AS ved Jan Morten og Stian Hagen
Opning: Planlagt mot slutten av november 2025
Kontaktperson Peppes Pizza Sogndal: Stian Hagen, mobil 41551267
Kontaktperson Einarsen Eigedom: Frode Einarsen, mobil 90636599
Har du ein draum om å starte noko nytt?
Enten du planlegg å flytte bedrifta eller etablere restaurant, kafé, kontor, butikk, lager eller annet, så ta ein prat med oss først. Me i Einarsen Eigedom kjenner næringslivet og forholda i Sogn – og kan vere din sparringspartner på vegen frå idé til etablering.
Snakk med oss – me hjelper deg å finne rett plass for di verksemd.