Sjå moglegheitsstudiane på Billagstomti
Saman med vår gode partnar Clemens Eiendom AS arrangerte me tysdag 09.01.2024 avslutningsseminar for paralleloppdraget knytt til utviklinga av Billagskvartalet i Sogndal sentrum.
🔸Ein bussterminal som er stor nok, men ikkje ein asfaltørken.
🔸Høg tettheit, men likevel gode lysforhold og attraktive, grøne uterom.
🔸Eit urbant nabolag som inviterer til gjennomgang og byliv, men som likevel har gode bukvalitetar og stille sider.
Vår juryformann henta fram «Tre nøtter til Askepott»-referansane då ho skulle beskriva den komplekse oppgåva dei tre arkitektteama LOF Arkitekter / Multiconsult, DRMA Arkitekter 1:1 landskab / Urban Creators og Norconsult / Nordic Office of Architecture har jobba med sidan i sommar. Oppgåva på korleis dagens bussterminal kan transformerast til eit levande by(gde)miljø med bustader, næring, møteplassar og ikkje minst eit viktig kollektivknutepunkt for Sogn. No startar arbeidet med å avklare kva løysning me skal gå utifrå, før me startar arbeidet med detaljregulering før sommaren.
Valet om å involvera innbyggjarane tidleg i prosessen har vært særs vellykka og uvurderleg. Måten me har gjennomført prosessen på har hausta mykje ros, gitt oss nyttige innspel og skapt mykje engasjement i Sogndal. Noko som vil bli nyttig i prosessen vidare - så takk til alle som har engasjert seg!
Mediesaker, innlegg og artikler frå sluttseminaret:
Artikkel //Opplysningsvesenets fond
Sjå sluttseminaret i opptak:
Sjå muligheitsstudiane: